Joleklokkor yver jordi
«Joleklokkor yver jordi» er en salme av Anders Hovden fra 1923. Melodi: «Overmåte full av nåde». Det 2. verset om 1. verdenskrig og det 4. verset er mindre vanlig.Tekst
ring no høgt frå tårn og tind,
ring no ut dei sæle ordi:
Fred frå Gud i alle sinn!
Ring for heile folkehopen,
ring og kim i nord og sud,
til me skodar himlen open,
til me fær ein smil av Gud!
2. Sår ligg verdi etter krigen,
hatet brenn som eld og eim:
Fader, reis no himmelstigen
upp til deg frå kvar ein heim!
Vis: På jordi alle stader
bur ei ætt av same blod,
alle born åt same Fader,
brør med same hug og mod.
3. Fader, send din fred til alle
deim, som sit i myrke sut,
ljose himmelklokkor kalle
deim or lidingsnatti ut!
Vis: På jordi alle stader
bur ei ætt av same blod,
alle born av same Fader
brør med same hug og mod.
4. Same bibel hev me, Herre,
same tru i store drag,
same Gud og same Herre,
sjå, me er eit syskenlag!
Brør, me trur at Krist er komen
til å retta uppatt alt,
alle trur me: Kristendomen
den er verdsens ljos og salt.
5. Send oss Gud, din kjærleiks Ande,
gjer det millom kristne greidt,
knyt i nåde broderbandet,
samanbind oss rett til eitt!
Våre strider må du jamna,
småleg kiv og ovmods ferd,
alle kristne brøder samna
til ein samlyndt Herrens her!
6. Klokkor vidt um verdi kime
mildt til alle hjarto ned:
D’er vår Frelsars fødselstime,
arme jord hav jolefred!
Ring for heile folkehopen,
ring og kim i nord og sud,
til me skodar himlen open,
til me fær ein smil av Gud.